Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Platina baserte anti-kreft kjemoterapeutika"A kinetic study of interactions between DNA oligomers and Pt(II) coordination complexes" Eit av dei mest brukte medikament for behandling av kreft ved hjelp av kjemoterapi er cisplatin - eit heller enkelt metallkompleks av platina. Cisplatin er svært effektivt mot visse kreftformer, men har diverre uheldig biverknad og etter ei tid kan det ofte bli utvikla resistens. For å finne fram til betre kjemoterapeutika er det viktig å forstå verkemåten til desse stoffa på molekylnivå. Det er kjent at cisplatin bind seg til DNA molekylet og hindrar celledeling, men ein kjenner ikkje til detaljar i reaksjons-mønsteret. Det er også uklart kvifor nokre platinakompleks er effektive mot kreft medan andre ikkje. Ein viktig faktor i denne samanhengen er strukturen til platina-DNA kompleksa som blir danna. Dersom platina-DNA komplekset ikkje har rett struktur vil t.d. kroppens reperasjonssystem fjerna platinakomplekset og ingen effekt blir oppnådd. Ein anna avgjerande faktor er kor raskt platinakomplekset reagerer med biomolekyla i kroppen (reaksjonskinetikken til platinakomplekset). Viss reaksjonen mellom DNA og platinakomplekset går for sakte vil ein ikkje kunna stoppa den ukontrollerte celledelinga som kreft inneber. På den andre sida er det viktig at platinakomplekset ikkje er for reaktivt, då vil alt platina reagera med biomolekyla i blodet og dermed ikkje nå fram til cellekjernen. Avhandlinga tek føre seg reaksjonsmekanismen til: (i) eit platinakompleks som ikkje er aktivt mot kreft, Pt(dien), (ii) ein ny type platinakompleks som har vist lovande effekt mot visse typar kreft, trans-EE, og (iii) cisplatin. Interaksjonane mellom ulike DNA sekvensar og dei tre kompleksa er studert ved hjelp av ein kombinasjon av spektroskopi (NMR) og kromatografi (HPLC). Det er lagt vekt på å finna ut kor raskt dei tre ulike platinakompleksa reagerar med DNA, samt kva basesekvensar som er mest reaktive mot dei tre kompleksa. I avhandling er det vist at dei tre kompleksa har ulikt reaksjonsmønster med DNA, noko som kan bidra til å forklara dei kjemoterapeutiske eigenskapane. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |