Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Kjernekollisjonar ved høge energiar"Pattern Recognition and Data Compression for the ALICE High Level Trigger" Avhandlinga omfattar utvikling og implementering av algoritmer for sanntid analyse og komprimering av data i ALICE eksperimentet som vert førebudd for oppstart i 2008 ved CERN i Geneve. I ALICE eksperimentet vil ein studere kjernekollisjonar ved særskild høge energiar, der formålet er å studere korleis elementærmaterie oppfører seg under ekstrem tettleik og temperaturar. I kvar einskild kollisjon vil det produserast fleire tusen nye partiklar som vil verte rekonstruert frå spora dei lagar i ulike detektorar. For å gjere ein systematisk analyse av desse kollisjonane, er det naudsynt å samla inn data frå eit stort antal slike kollisjonar. Dette krev at ein legg til rette for ein høg kollisjonsfrekvens, noko som igjen genererer store mengder data. For å handtere dei store datamengdene, vert det utvikla eit utlesingssystem (High Level Trigger) som har til oppgåve å fortløpande analysere data frå detektorane og dermed redusere data-volumet som vert lagra for vidare analyse. Avhandlinga tek føre seg og evaluerer ulike metodar for rask og effektiv sporgjenfinning og datakomprimering som kan nyttast i dette systemet. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |