Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Vaksineutvikling mot virussjukdomen VER hos oppdretta kveite og piggvar"Atlantic halibut nodavirus: molecular characterisation and evaluation of vaccine strategies" I oppdrett av marine artar som kveite og piggvar er utbrot av virussjukdomen VER eit problem, særleg på tidlege livsstadium hos fisken. Viruset som er årsaka til VER, eit nodavirus, gir sjukdom ved at det formeirar seg og øydelegg sentralnervesystemet. I tillegg til kveite og piggvar, er sannsynlegvis torsk og steinbit også mottakelege for nodavirus og utvikling av VER. Det er difor viktig å finne ut korleis ein kan kontrollere denne sjukdomen. Arbeidet i avhandlinga omfattar ei vidare kartlegging av genomet til kveitenodaviruset (som består av to RNA-trådar), og utvikling og testing av to typar vaksiner mot VER. Begge vaksinane, ein DNA-vaksine og ein proteinvaksine, er basert på genet som kodar for viruskappa. I laboratorieforsøk med vaksinering og smitte av piggvaryngel, viser arbeidet at det berre er proteinvaksinen som gir vern mot sjukdommen. Sjølv om vaksinen kan gi ei relativ overleving på 60-70% samanlikna med uvaksinert fisk, er ikkje den overlevande fisken fri for virus i hjernen ei tid etter smitte. Om dette skuldast den unaturleg høge virusdosa ein må bruke for å få testa vaksineeffektivitet, eller mangel på effektiv immunisering er uvisst. Avhandlinga viser også at ein DNA vaksine mot eit heilt anna fiskevirus kan gi eit svært godt vern mot VER kort tid etter vaksinering, og at denne uspesifikke virus-immuniteten avtek etter 4-5 veker. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |