Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Dialektendringar aust på AgderMagnhild Selås disputerer fredag 26. mars 2004 for dr. art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:"Dialektal variasjon og endring aust på Agder - beskrive og forklart ved to språklege variablar". Formålet med avhandlinga er å undersøke den dialektale variasjonen i eit område i Aust-Agder. Er språket i Arendal, Froland, Tvedestrand, Vegårshei og Åmli i endring? Og i så fall: I kva for retning går utviklinga? Er det slik at heile området får eit meir einskapleg språk, eller ser ein ulike utviklingar i dei ulike kommunane? Undersøkinga har tatt utgangspunkt i to språktrekk som blir undersøkt frå fleire språklege innfallsvinklar: fonetiske, fonologiske og (for det eine språktrekket sin del) morfologiske. Dei språklege innfallsvinklane blir sett saman med sosiale faktorar. Gjennom å intervjue både eldre og yngre språkbrukarar av begge kjønn har undersøkinga avdekt variasjon og endring i undersøkingsområdet. Det ser ut til at området får ulike utviklingar: Arendal og Vegårshei hentar språkleg påverknad frå Austlandet, Froland og Åmli blir meir påverka frå dei andre kommunane i området, mens dialekten i Tvedestrand ikkje ser ut til å bli særleg endra på dei undersøkte punkta. I tillegg til den reint språklege undersøkinga drøftar avhandlinga det vitskapsteoretiske spørsmålet om kva som er ei beskriving og ei forklaring, og kva som skal til for å forstå. Avhandlinga konkluderer med at dei tilnærmingane som er brukt i denne undersøkinga, gjev grunnlag for å påstå at ein har beskrive og forklart den språklege variasjonen og endringa i området, men at ein ikke har grunnlag for å hevde at ein har forstått dei språklege mønstra i materialet. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |