Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2004

NY DOKTORGRAD

Genmodifiserte planteråvarer i fôr til Atlantisk laks

Monica Sanden   
Ernæringsbiolog Monica Sanden disputerer fredag 18.juni for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Genetically modified plant products in feed to farmed Atlantic salmon, Salmo salar L. - Effects on growth, feed utilization, fish health and assessment of potential risks"

Arbeidet tek føre seg om bruken av genmodifiserte (GM) planteråvarer i fiskefôr kan vere risikable med tanke på ernæringsstatus og helse hos Atlantisk laks. Det har også blitt undersøkt om ein kan finne spor av gener frå desse planteråvarene i fisken. Kunnskapen er viktig med tanke på at GM planteråvarer kan bli ei framtidige fôrråvare som eit alternativ til tradisjonelle råvarer som fiskemjøl og fiskeolje. I arbeidet er det vist at fisken trygt kan få fôr med små innblandingar av GM mais og soya utan fare for redusert ernæringsstatus, vekst eller helse. Det har også blitt vist at ein ikkje finn spor av GM planteråvarer i fiskeorgan. Det som fortsatt avgrensar bruken av planteråvarer i fôr til rovfisk som laks, er at desse artane ikkje klarar å utnytte for eksempel soyaprotein like bra som animalsk protein, mykje på grunn av høge nivå av antinæringsstoff. Graden blir avlagt ved Institutt for biologi, Det matematisk-naturvitskapelige fakultet, UIB. Arbeidet har blitt gjennomført ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), Bergen, i samarbeid med Norges Veterinærhøgskule, Veterinærinstituttet i Oslo og University of Greenwich, London. Prosjektet er støtta av Norges Forskningsråd (NFR).

Personalia:
Monica Sanden er fødd i 1975 og kjem frå Loen i Nordfjord. Ho tok cand.scient graden i ernæringsbiologi ved NIFES (tidlegare Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt) i 2001. Doktorgradsarbeidet har også blitt gjennomført ved NIFES.

Tidspunkt og sted for disputasen:
18.06.2004, kl. 10:00, NIFES, Strandgaten 229 (Nordnesboder 4, 4.etasje).

Kontaktpersoner:
Monica Sanden, tlf. 55 90 51 48 el 49 06 83 71 , epost: Monica.Sanden@nifes.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.