Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Konstruksjon av legitimitet i Nord-Irland"In search of legitimacy. The construction of legitimacy in the public debate on internment in Northern Ireland 1971-1975." Avhandlinga er ein studie av ein debatt om internering utan lov og dom i Nord-Irland tidleg på 70-talet. Interneringa blei nytta frå august 1971 til desember 1975 som eit mottrekk mot den paramilitære valden som hadde skote fart frå inngangen til 70-talet. I denne perioden blei 1981 personar internerte utan lov og dom. Av desse var 1874 republikanarar og 197 lojalistar. Interneringa fungerte dårleg som eit mottrekk mot den paramilitære valden. I staden auka valdsutøvinga ytterlegare, og i dei vel fire åra interneringa varte mista meir enn 1300 menneske livet. Interneringa har i ettertid blitt oppfatta som ein feilslått strategi både fordi valden auka og fordi den resulterte i ei aukande polarisering mellom nasjonalistar og unionistar: Unionistane støtta jamt over interneringa og oppfatta dette som eit naudsynt steg i kampen mot IRA. Nasjonalistane derimot, oppfatta interneringa som ei illegitim tilsidesetting av grunnleggande rettsprinsipp og menneskerettar. Interneringa svekka staten sin legitimitet hjå dei hovudsakleg katolske nasjonalistane og i avhandlinga er interneringsdebatten studert som ei konflikt mellom ulike legitimitetsforståingar knytt til ulike oppfattingar av lov, vald og demokrati. Avhandlinga drøftar også korleis dei ulike aktørane på forskjellig vis konstruerer 'folket' og 'offeret' som kjelder til legitimitet. Denne konstruksjonsprosessen avgjorde kva for grupper som blei gjeve den privilegerte statusen som legitimitetskjelde og involverte såleis ei rekkje ekskluderings- og inkluderingsmekanismar. På bakgrunn av dette, skisserer avhandlinga utviklinga av ein politisk kultur der eksklusjonsprosessane blei stadig repeterte og forsterka. Det er eit sentralt poeng i avhandlinga at desse prosessane ikkje kan lokaliserast til ei konkret aktørgruppe, men var innbaka i dei konkrete diskursive praksisane til alle dei politiske grupperingane. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |