Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Stoffskiftet og homocystein"Graves'disease and hypothyroidism with emphasis on treatment, homocystein and B-vitamins." Avhandlinga tek for seg behandling av høgt stoffskifte (Graves sjukdom) med utgangspunkt i pasientar på Vestlandet (Haukeland Universitetssykehus, Stord Sjukehus, Haugesund Sjukehus og Sentralsjukehuset i Rogaland). Frå studiar i andre land er det vist at ca 50 % får tilbakefall etter at pasientane sluttar med medisin, men det er store skilnader mellom dei ulike studiane. Det er diskutert om storleiken på medisindosen kan ha noko å seia for langtidsresultata. Resultata i studien frå Vestlandet viste at ulike medisinske regime hadde liten påverknad på langtidsresultatet, men at pasientar som røykte fekk meir tilbakefall enn dei som ikkje røykte. I avhandlinga såg ein og på om homocystein som m.a. er ein risikomarkør for hjarte- og karsjukdom, ryggmargsbrokk og problem under graviditet, vart endra med høgt eller lågt stoffskifte. Pasientar med høgt stoffskifte har lågare (gunstigare profil) homocystein enn dei med lågt stoffskifte. Som hjå personar med normalt stoffskifte, fann ein at homocystein var høgare hjå røykjarar og hjå dei med dårleg B-vitaminstatus (folat, vitamin B12, riboflavin) i blod. Avhandlinga utgår frå Institutt for indremedisin, seksjon for endokrinologi og LOCUS for homocystein og relaterte vitaminer, Universitetet i Bergen. Arbeida i avhandlinga er utførte ved Haukeland Universitetssykehus (Hormonlaboratoriet og Medisinsk avdeling) og Haugesund Sjukehus. Personalia: Tid og stad for prøveforelesninga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |