Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Hydrauliske oppsprekking og lekkasje i sedimentære basseng"Simulations of hydraulic fracturing and leakage in sedimentary basins". Doktorgraden omhandlar korleis høgt trykk i reservoarbergarter kan føre til hydraulisk oppsprekking og lekkasje av porevatn gjennom takbergarten. Dette vil influere på mulige førekomstar av olje og gass og vil vere viktig informasjon ved leiteboring etter hydrokarboner i undergrunnen. Ein simulator som kalkulerer trykkutvikling i sedimentære basseng over geologisk tid, er brukt og vidareutvikla i dette arbeidet. Samanpressing av djupt gravlagde bergartar, og ulike geologiske prosesser gjer at trykket i porevatnet aukar. Truleg vil brot i lagrekka, sokalla forkastningar, hindre sidelengs strømming i reservoarlaga, slik at abnormale trykk kan bygge seg opp og tilslutt resultere i oppsprekking av takbergarten. Kvar og kor tid slik oppsprekking vil finne stad vil avhenge av permeabiliteten til dei eksisterande forkastingane, spenningsoppbygning i området og bergmekaniske eigenskapar til takbergarten. I avhandlinga er trykkutviklinga på Haltenterrassen og på Tunefeltet i nordlige del av Nordsjøen undersøkt. Det viser seg at detaljerte tolkingar av forkastningsmønsteret er naudsynt, både for simulering av trykkfordeling og hydrokarbonmigrasjon. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |