Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2004

NY DOKTORGRAD

Miljøeffekter av fiske

Odd-Børre Humborstad   
Cand. scient. Odd-Børre Humborstad disputerar fredag 11. juni 2004 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

" Impact assessment of bottom trawls and gillnets in Norwegian waters"

Avhandlinga er basert på eksperimentelle studiar av korleis botntråling påverkar havbotnen og botnlevande dyr og kva konsekvensar slik påverknad kan ha for botnlevande fisk. Arbeidet tek og føre seg påverknad av botnsette garn og særskilt problemet med garn som fortset å fiske etter at dei har blitt mista, såkalla "spøkelsesfiske". Miljøeffekter av fiske har dei seinare åra vakt stor internasjonal interesse, medan forskingsarbeid i norske farvatn så langt har vore begrensa. Eit av hovudmåla med doktorgradsarbeidet har vore å finne ut kva lærdom ein trekkje frå andre områder der slik forsking har vore gjort og å bedømme relevansen for norske fiskeri. Eksperimentelle studium langt til havs i vêrutsette farvatn og på store djup er krevjande. Metodane som vart brukt var einkombinasjon av akustisk teknologi for habitatkartlegging, videoobservasjonar, eksakt posisjonering av taua reidskap og visuell overvaking av prøvetaking. Tråling i vernesona ved Bjørnøya førte til fysiske spor av trål og tråldører samt forandringar i sedimenteigenskapane. Fem månadar etter påverknad var det ikkje lenger fysiske teikn etter den eksperimentelle trålinga. Trålinga førte umiddelbart til ei oppkvervling av sediment og botndyr. Det vart observert få skadar på dyra som kunne tilskrivast trålinga. Tråling kan gjere botnorganismar meir utsette for predasjon ved at dei anten vert blottlagde, skada eller drepne av framfarten til fiskereiskapen. Mageanalysar viste at torsk og hyse i varierande grad auka mattinntak og endra diett etter tråling (ved Finnmarkskysten). Effektar som oppkvervla sediment (støvskyer) etter tråling har på overleving, gjelleskader og stress vart undersøkt i tankforsøk. Gjelleforandringar og stress vart dokumentert, men isolert sett blei det ikkje registrert dødlegheit. Avhandlinga viser at fangst av fisk i tapte garn fyrst og fremst er eit problem i fiske på djupt vatn. Effektiviteten til tapte garn i dette området går etter kort tid ned, men etter kvart når fisk døyr, rotnar og dett av garnet, kan ny fisk bli fanga, og såleis føre til "spøkelsefiske" i lang tid.

Personalia:
Odd-Børre Humborstad er født i 1975 og oppvaksen i Kjølsdalen i Nordfjord. Han er utdanna cand. scient. i fiskeribiologi ved Universitetet i Bergen i 1999. Han blei tilsett som NFR-stipendiat ved Fangstseksjonen på Havforskningsinstituttet i 2001.

Tid og stad for disputasen:
11.06.2004, kl. 10:15, Auditorium Pi, Matematisk institutt, UiB, Autogården, Johannes Brunsgate 12

Kontaktpersonar:
Odd-Børre Humborstad, tlf. 55 23 69 39, epost: oddb@imr.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.