Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Spreidd gammastråling brukt i industrielle målesystem"Gamma-ray scatter methods applied to industrial measurement systems" Temaet i avhandlinga er korleis ein kan nytte radioaktivitet, nærare bestemt spreidd gammastråling, for å gjere målingar i prosessindustrien. Målet er å "sjå" inn i røyr og tankar på prosessanlegga for å betre kunne forstå og styre prosessane. I prinsippet kan dette samanliknast med bruk av røntgenstråling innan medisin. Det som er nytt i Holstad sitt arbeid er at ho kombinerer måling av radioaktiv stråling som har vorte spreidd i eit medium med stråling som har gått gjennom mediet. På denne måten kan ein sei meir om samansetjinga til mediet. Arbeidet viser og at ein kan nytte spreidd gammastråling i tilfelle der ein ikkje kan nytte stråling som har gått rett gjennom mediet. Holstad har ved hjelp av ei rekkje eksperiment og modellar gjort grunnleggande studiar av spreiing av gammastråling og av nytta dette har i reelle målesystem som er tekne i bruk i såkalla prosessdiagnostikk. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |