Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD MOO, åpen kildekode og humanvitenskapen"Traceback: MOO, Open Source, and the Humanities" Utgangspunktet for Holmevik si doktoravhandling er spørsmålet om korleis ein i humaniora kan kome i meir direkte inngrep med informasjonsteknologisk utvikling. Avhandlinga er ein hybrid der første halvdel består av ein tradisjonell monografi, medan andre halvdel er eit dataprogram. I monografien studerer Holmevik m.a. framveksten av "Hacker" rørsla og dei "Open Source" metodane som denne gruppa har utvikla gjennom dei siste 30 åra. Med bakgrunn i denne studien har han så praktisert desse metodane i utviklinga av det Internettbaserte konferansesystemet enCore. Dette systemet har vore under utvikling sidan 1998 og har i dag tusenvis av brukarar verda over. Systemet er fritt tilgjengeleg for nedlasting frå http://lingua.utdallas.edu/encore/ På grunn av den unike og spennande koplinga mellom teori og praksis framstår dette prosjektet som eit eksempel på kva eit større forskingsarbeid innan faget Humanistisk informatikk kan innebere. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |