Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Når torsk møter forskingsfartøy«Cod reaction to an approaching bottom trawling vessel investigated using acoustic split-beam tracking» Temaet i avhandlinga er korleis torsk reagerer på eit forskingsfartøy under tråling. Tråling er eit viktig verktøy når mengda av ein fiskebestand skal reknast ut. Fleire undersøkingar har vist at fisken kan reagera på fartøyet og med det påverka resultatet, men vi veit ikkje så mykje om denne reaksjonen. Det er derfor utvikla ein metode for å observera denne åtferda, og forsøk er utført langs kysten av Finnmark. Forsøka viser at fisken dykkar om lag 15 minutt før fartøyet passerer, og at fisken reagerer retningsbestemt på fartøy og trål. Den kraftigaste reaksjonen observerer vi som unnaviking frå trålvaierane. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |