Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Fosfor som vekstavgrensande faktor hjå marine algar og bakteriar"Phosphate Limitation in Marine Osmotrophs: Affinity and Competition" Resultata frå dette doktorgradsarbeidet medverkar til å auka forståinga av dei grunnleggjande prosessane i det marine mikrobielle næringsnettet og har samstundes interesse knytt til forureiningsproblematikk. Avhandlinga omhandlar den mikrobielle delen av næringsnettet i havet og er basert på forsøk utført i laboratoriet, i avgrensa og naturlege vassmassar. Fosfor er eit sentralt næringsstoff som kontrollerar veksten av bakteriar og algar i fleire havområde. I avhandlinga vert det lagt spesiell vekt på studiar av organismane sin vekstavgrensing og på bakteriane og algane sin konkurranse om fosfat. Det fins fleire metodar for å vurdere kva næringsstoff som avgrensar bakteriane sin vekst. Ein av desse vart undersøkt og visar at resultat frå denne metoden må tolkast med varsemd. Det har òg vorte stadfesta at bakteriar er betre til å ta opp fosfat enn større algar og at ein svært enkel modell, basert på at næringsopptaket er diffusjonsavrensa, gjev akseptable slutningar. Eit omfattande studium av det mikrobielle næringsnettet i det austlege Middelhavet viste at veksten av bakteriar og algar var fosfatavgrensa. Tilsetjing av fosfor i produksjonssona førte til luksusopptak hjå bakteriar, og som vidare resulterte i auka eggproduksjon hjå kopepodar. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |