Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Kielland som humorist og riddar"Humoristen & Quijote: Forfattar og helt i Alexander L. Kiellands roman 'Garman & Worse'." Drangeid avviser biletet av Kielland som ein enkel forfattar, og skisserer ein roman der eksistensfilosofiske og ideologiske problematikkar blir drøfta på komplekst vis. Avhandlinga tar for seg forfattar og helt med utgangspunkt i humor og quijotisme - det siste ei form for tragikomisk heroisme med røter tilbake til Cervantes. Ved hjelp av samanliknande lesing finn Drangeid uutnytta meiningspotensial i Garman & Worse (1880). Romanen blir særleg nært relatert til Kierkegaards og Dickens' forfattarskap. Avhandlinga set forfattaren sin tvisynte humor opp mot dei radikale, idealistiske heltane. Dei utolmodige idealistane kolliderer med røyndomen på ein måte som trugar med å gjera dei til moderne utgåver av Don Quijote. Denne faren - som heltane utviklar seg bort frå - trugar likevel også Kielland sjølv. Dette er tilfelle der humoren forsvinn til fordel for ein insisterande retorikk, der satire og sentimentalitet går i samspel i styringa av lesaren. Humoristen forliser i ei strid med riddarforfattaren - men Drangeid meiner at nettopp dette gjer Garman & Worse interessant, særleg for idealistar som vil verkeleggjera det som ikkje er. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |