Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2004

NY DOKTORGRAD

Cellulære forankringsprotein er viktige i kreftutvikling

Bodil Bjørndal   
Bodil Bjørndal disputerer fredag 23. januar 2004 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
”Protein translocation and the identification of the scaffold protein RACK1 as a component in signal transduction of the Ki-Ras-MAPK pathway.”

I dette doktorgradsarbeidet er nye faktorar som tek del i overføring av signal via Ras studert. Ras er eit av fleire protein som er nært knytt til kreftutvikling og kallast difor ofte onkoprotein (kreftprotein). Onkoprotein er muterte variantar av protein som normalt har som oppgåve å overføre signal frå veksthormon til kontrollsenteret i cellene. Med jamne mellomrom skjer det spontane mutasjonar i ei celle, og ein sjeldan gong kan eit onkoprotein oppstå. Medan den normale forma av proteinet skiftar mellom ein aktiv og ein inaktiv form, er oncogenet låst i den aktive forma. Onkoproteinet vil difor gje cella signal om at den skal dele seg også når veksthormon ikkje er tilstades. Dersom denne aktiverte cella ikkje blir eliminert av kroppen sine kontrollmekanismar, kan ein kreftsvulst utvikle seg. Omdanninga frå ei normal celle til ei kreftcelle pga. oncogen vert kalla celletransformasjon.

Når ein mutert form av Ras vert tilført celler i kultur vil desse cellene byrje å vekse ukontrollert. I doktorgradsarbeidet var det av særskild interesse å finne faktorar som kan hindre denne celletransformasjon. Eit viktig funn var at forankringsproteinet RACK1 er ein del av Ras-signalvegen. RACK1 har ei viktig rolle som knutepunkt i signaloverføring i cella ved at det har evna til å binde fleire faktorar samtidig og dermed gjer det mogeleg for desse faktorane å reagere med kvarandre. Innsikt i regulering av plasseringa og interaksjonen mellom ulike signalfaktorar og RACK1 er av stor betydning for forståinga av signalvegane i cellene og for cellulære endringar som kan føre til kreftutvikling.

Personalia:
Bodil Bjørndal er fødd i 1971 og vaks opp i Ulsteinvik. Ho tok hovudfag i Bioteknologi ved Universitetet i Bergen i 1997. Etter å ha arbeidd som forskingsassistent i to år, vart ho i 1999 tilsett som universitetsstipendiat og tatt opp som dr. scient. student ved Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen. Stipendarbeidet vart utført i forskingsgruppa til professor Johan R. Lillehaug. Bjørndal er tildelt postdoktor stipend frå Den Norske Kreftforening og arbeidet vil bli utført ved Inserm Unit U-496, Hopital Saint-Louis, Paris.

Tid og stad for disputasen:
23.01.2004, kl. 10:00, Seminarrom 520B1, 5. etg., Molekylærbiologisk institutt, Bioblokken, Høyteknologisenteret.

Kontaktpersonar:
Bodil Bjørndal, tlf. 55584382, epost: Bodil.Bjorndal@mbi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.