Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Bre- og klimavariasjoner frå Folgefonna til Lyngen"Late Weichselian and Holocene glacier fluctuations along a south-north coastal transect in Norway - climatic and methodological implications" Temaet for avhandlinga er bre- og klimavariasjonar langs vestkysten av Noreg attende til slutten av siste istid. Dei kystnære breane er gode indikatorar på endringar i hav- og atmosfæresirkulasjon i den nordatlantiske regionen. Eit viktig bidrag er vidareutvikling av metodegrunnlaget for bruk av innsjøsediment ved rekonstruksjon av brevariasjonar, særleg i alpine og arktiske område, der det frå før er lite kunnskap om brefluktuasjonar. Resultata frå Folgefonna syner at breen forsvann for om lag 9700 år sidan og vart danna på nytt kring 5000 år før notid. Rekonstruksjonen dei siste 5000 år er svært høgoppløyseleg og syner store variasjonar frå tiår til tiår. Frå Lyngen er det laga ein kontinuerleg rekonstruksjon som går attende 20 000 år, der skiftet frå istidsklima til dagens maritime klima er særleg godt dokumentert. Svært interessant i ein geografisk samanheng er samanlikninga av rekonstruksjonane mellom sør og nord. Fordi breane i eit tusenårs-perspektiv oppfører seg svært likt ser dei underliggande mekanismane for bredanning ut til å vere dei same. Av særleg verdi i høve til debatten om framtidig klimaendringar, er rekonstruksjonane av korleis vinternedbøren har endra seg sidan slutten av istida. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |