Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD Skriftmeistring og tekstlege deltakingsformer 1760 - 1840" Den låge danninga. Skriftmeistring, diskursintegrering og tekstlege deltakingsformer 1760 - 1840" Avhandlinga tek opp verknader av allmenn skriftleggjering, både den påtvinga og den som var frivillig tileigna. Utgangshypotesen er at det kan identifiserast tre distinkte meistringssteg i ein lengre endringsprosess: lesing (akkumulasjon), skriving (produksjon) og handling på fellesskapens vegner (aktualisering), og at prosessen kom klart til uttrykk i skriftlege kjelder etter om lag 1760. Det vert diskutert korleis tekstar skapte nye og endra samhandlingsformer på mange livsområde, og er lagt vekt på det omskiftelege i måtar som tekstar vart skrivne, distribuerte og absorberte på i perioden. Endeleg tek avhandlinga opp kvifor skriftdiskursar også omfattar spørsmål om danning og makt. Periodens tekstar og tekstbruk er relatert til ein danningsproblematikk som utvikla seg parallelt med at den prenta kulturen ekspanderte etter 1500-talet. Det skrivne er vurdert som eit medium for sosial og kulturell endring, særleg på grunn av dei eigenskapar som skrifter og tekstar har til å påverke former for integrasjon, differensiering og spesialisering. Skrift- og tekstkonvensjonar kom gradvis til å organisere både det sivile samfunnslivet som statsbyråkratiet, og seinast ved inngangen til 1800-talet femna skriftkultur i ei eller anna form om alle samfunnsindivid. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |