Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Bruk av gammastråling ved olje- og gassproduksjon"Dual Modality Densitometry" Avhandlinga omhandlar måleteknikkar der ein nyttar gammastråling for måling på straum av olje, gass og vatn i røyr. Ved olje- og gassproduksjon blir desse komponentane ofte frakta gjennom same røyret frå produksjonsbrønnen. Det er viktig å kunne måle mengda av olje, vatn og gass som strøymer gjennom røyret (strøymingsratene). Dette kan gjerast ved å bruke fleirfase strøymingsmålarar, som måler strømingsratene av kvar komponent ved å kombinere ulike måleprinsipp. Demping av gammastråling er eit måleprinsipp som ofte blir nytta for å finne volumfraksjonen av gass i desse instrumenta. Produksjonsvatnet som fylgjer med olje og gass frå brønnen har ein salinitet (saltinnhold) som kan variere. Dette verkar inn på måling av gassfraksjon, og kan føre til unøyaktige målingar. "Dual Modality Densitometry" (DMD) er eit nytt måleprinsipp, der ein ved å kombinere måling av spreidd og transmittert gammastråling finn saliniteten til vatnet i tillegg til salinitetsuavhengige målingar av gassfraksjon. Utviklinga av dette måleprinsippet er hovudtemaet i avhandlinga. Dette arbeidet vart utført ved ein kombinasjon av teoretisk og eksperimentelt arbeid. Ved olje- og gassproduksjon blir det no nytta nye produksjonsteknikkar der ein større del av instrumenteringa blir plassert på havbotnen og nede i brønnen. Dette set nye krav til strøymingsmålarane. Spesielt er det ei utfordring å lage instrument for plassering nede i brønnen. Instrumenta må vere kompakte i tillegg til å vere svært robuste for å kunne fungere over lang tid ved høge trykk og temperaturar. Tjugum har i si avhandling studert korleis måleteknikkane som nyttar gammastråling kan brukast her. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek etter 09.05.2006 (Konfidensiell i 3 år). |