Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Danning av djupvatn i Storfjorden på Svalbard"Dense water production processes in Storfjorden". Temaet i avhandlinga er knytta til korleis det blir danna tungt, salt og kaldt djupvatn i Storfjorden på Svalbard. Danning av djupvatn er viktig for å oppretthalda den termohaline sirkulasjonen og for å tilføra oksygen til djupet i alle verdshava. Temperatur- og saltobservasjonar er brukt til å beskriva sesongmessige endringar av vatnmassar i Storfjorden. Ut frå mellom anna vind og lufttemperatur kan ein modellera veksten av havis kvar vinter. Deretter er modellert isproduksjon brukt til å estimera resulterande danning av kaldt, salt djupvatn i Storfjorden. Den etterfølgjande tunge botnstraumen mot sokkelkanten er observert og kartlagt med særleg vekt på transport- og blandingseigenskapar. Storfjorden sitt bidrag til produksjon av djupvatn i det Arktiske hav er diskutert og estimert til å vera opp mot 20%. År-til-årvariasjonar er knytta til svingningar i regionalt isdekke, istransport og saltinnhald i vatnsøyla. Dei er også kobla opp den atmosfæriske sirkulasjonen i Nordatlanteren. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |