| Universitetet i 
      Bergen : Doktorgrader : 2003 NY DOKTORGRAD Genetiske studiar av manisk-depressiv sinnslidingGry Sjøholt disputerer fredag 21. mars 2003 for dr. scient. graden ved 
        Universitetet i Bergen med avhandlinga: 
 "A study of myo-inositol monophosphatase-encoding genes in manic-depressive 
        illness".
 
 Manisk-depressiv sinnsliding er ein alvorleg psykiatrisk sjukdom som karakteriserast 
        ved tilbakevendande episodar med depresjon og mani. Arvelig predisposisjon 
        er viktig for utviklinga av manisk-depressiv sinnsliding, men ein har 
        så langt ikkje klart å påvise spesifikke gen som kan føre til denne sjukdomen. 
        Litiumterapi er den vanlegaste medisinske behandlinga av manisk-depressiv 
        sinnsliding, men ein veit ikkje korleis denne medisinen verkar stemningsstabiliserande.
  I dette doktorgradsarbeidet har ulike genar som fungerer i eit litiumregulert 
        signalsystem i nervecellene vorte studert. Eit av desse litiumregulerte 
        gena, kalla IMPA2, har DNA variantar som er meir frekvente hjå manisk-depressive 
        pasientar enn hjå kontrollpersonar i studiet.  IMPA2-genet ligg i eit område på kromosom 18 som tidlegare har vorte 
        kopla til manisk-depressiv sinnsliding. Studiet indikerer at DNA-variasjonar 
        i IMPA2-genet på kromosom 18 kan vere ein genetisk faktor som gjev predisposisjon 
        for manisk-depressiv sinnsliding. 
 Personalia:Gry Sjøholt vart fødd i 1972 og er frå Ørskog kommune på Sunnmøre. Ho tok cand. scient. eksamen i biokjemi ved Universitetet i Bergen i 1997. Sidan har ho vore tilsett som stipendiat ved Pediatrisk institutt, Det medisinske fakultet med arbeidssted i Dr. Einar Martens forskningsgruppe, Haukeland universitetssykehus.
 Tid og stad for disputasen:21.03.2003, kl. 11:15, Auditoriet, Pediatrisk Institutt, Barneklinikken, Haukeland universitetssykehus.
 Kontaktpersonar:Gry Sjøholt, tlf. 55975326 (a), epost: gry.sjoeholt@haukeland.no
 Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Ingunn Vie Skare, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: ingunn.skare@form.uib.no
 Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |