Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2003

NY DOKTORGRAD

Sensitiviteten til klimasystemet i Nord-Atlanteren og Arktis

   
Cand. scient Odd Helge Otterå disputerer onsdag 9. juli 2003 for dr. scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"The sensitivity of the North Atlantic-Arctic climate system to isostatic elevation changes, freshwater and solar forcings"'

Den storstila havsirkulasjonen i Atlanterhavet, kjent som den atlantiske termohaline sirkulasjonen, transporterer store varmemengder til høge nordlege breiddegrader, og er såleis ei viktig årsak til det milde klimaet i Nord-Europa og Skandinavia. Spørsmålet om naturleg klimavariabilitet i våre nærområder er difor nært knytta til stabiliteten til denne sirkulasjonen. Ei rekkje klimamodellar har vist at den atlantiske termohaline sirkulasjonen er spesielt følsam for endringar i tilførselen av ferskvatn i nord, dvs. i Arktis og omkringliggjande områder.

I avhandlinga er sensitiviteten til klimasystemet i Nord-Atlanteren og Arktis studert ved hjelp av ein numerisk havsirkulasjonsmodell og Bergen klimamodell, ein global hav-atmosfæremodell som er utvikla ved Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen. I avhandlinga er det fokusert særskilt på effekten som auka tilførsel av ferskvatn til dei nordlege havområda (Arktis og dei nordiske hav) kan ha på den atlantiske termohaline sirkulasjon. Sensitiviteten til havsirkulasjonen av endringar i solinnstrålinga, og eit lukka Barentshav, er også studert.

Eit viktig resultat frå arbeidet er at den atlantiske termohaline sirkulasjon er meir robust mot endringar i tilførselen av ferskvatn til høge nordlege breiddegrader enn tidlegare antatt. Endringar i vindmønsteret på høge nordlege breiddegrader, auka vertikal blanding i Atlanteren, og koplingar mellom tropiske varme- og saltanomaliar og djupvatnsdanning i Nord-Atlanteren, er prosessar som stabiliserer den atlantiske termohaline sirkulasjonen i Bergen klimamodell. Resultata frå studien kan nyttas til å forklare og tolke mogelege prosessar og vekselverknader som er relevante i tidlegare tiders klimaendringar og mogelege framtidige klimaendringar.

Personalia:
Odd Helge Otterå er født i Bergen 1973, og har vakse opp i Telavåg på Sotra utanfor Bergen. Han fullførte cand. scient.-graden i hydrodynamikk ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, i 1999 med støtte frå G. C. Rieber-fonda. I januar 2000 blei han tilsett som stipendiat ved Nansensenteret finansiert av Norges forskningsråd.

Tid og stad for disputasen:
09.07.2003, kl. 10:30, Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling, Edv. Griegsvei 3A, Solheimsviken.

Kontaktpersonar:
Odd Helge Otterå, tlf: 55297288 (a) 92806818 (mob.) , epost: oddho@nersc.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Ingunn Vie Skare, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: ingunn.skare@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.