Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2003

NY DOKTORGRAD

Istider og utviklinga til den sørnorske kontinentalmarginen

   
Atle Nygård disputerer tysdag 21. oktober 2003 for dr.scient.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Pleistocene sedimentary processes and glacial history of the Southern Norwegian continental margin".

Avhandlinga tek for seg sedimenta som er avsett på kontinentalsokkelen og kontinentalskråninga vest for Møre og Nordfjord, og relaterer desse til sedimentære prosessar og klimautviklinga gjennom dei siste 500 000 åra. I denne perioden var Skandinavia fleire gongar dekka av isdekke som strekte seg vestover kontinentalsokkelen. Breen eroderte fastlandet, og avsette store mengder sediment på sokkelen og på kontinentalskråninga. Desse avsetningane kan difor nyttast som eit arkiv over tidlegare istider. Ved hjelp av seismikk har avsetningane vorte kartlagde, og med støtte frå boringar og korte havbotnskjerner har det vore mogeleg å anslå at breen har rykka vestover sokkelen om lag kvart 100 000. år i den aktuelle perioden, i gjennom minst fem store istider. Breen synest å ha vore dynamisk, med relativt raske brerørsler og lokalt svært høge sedimentasjonsrater langs brefronten. Moreneryggar på sokkelen vest for Bremanger i Nordfjord vitnar om at isdekket truleg har variert saman med globale og regionale klimahendingar mot slutten av den siste istida. Forskingsarbeidet viser at dei store sedimentmengdene har forårsaka ustabilitet av havbotnen, og heile perioden er kjenneteikna av ekstremt store utrasningshendingar på kontinentalskråninga. Resultata er blant anna viktige for vurderingar av stabilitet i samband med utbygging av olje- og gassfelt på skråninga, som t.d. Ormen Lange-feltet utanfor Møre og Romsdal.

Personalia:
Atle Nygård er fødd i 1974 og vaks opp i Skatestraumen i Bremanger kommune i Nordfjord. Han tok hovudfag i maringeologi ved Universitetet i Bergen sommaren 1999 og vart tilsett som stipendiat på det EU-finansierte prosjektet STRATAGEM same haust. Doktorgradsarbeidet har vore økonomisk støtta av Enterprise Oil Norge og Norsk Hydro. Nygård har vore tett involvert i geologiske analysar i forkant av Ormen Lange-utbygginga utanfor Møre og Romsdal.

Tid og stad for disputasen:
21.10.2003, kl. 10:15, Auditorium 5, Realfagbygget, Allègaten 41

Kontaktpersonar:
Atle Nygård, tlf. 55588114 / 99521614, epost: Atle.Nygard@geo.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.