Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Leiglendingar og jorddrottar
”Herre over andre si jord? Norske leiglendingsvilkår i europeisk lys 1500-1800” Avhandlinga drøftar tilhøvet mellom leiglending og jorddrott i Noreg og samanliknar dette med tilhøvet mellom bønder og godsherrar i Skandinavia og på Kontinentet. Utgangspunktet for drøftinga er oppfatninga om at eigedomsretten til jorda var delt mellom desse partane, ei oppfatning som mellom anna kjem til uttrykk i den felleseuropeiske rettslæra i seinmellomalder og tidleg nytid. Analysen av leiglendingsvilkåra er konsentrert om råderetten over ressursane på den eine sida og kontrollen med brukarsuksesjonane på den andre sida. Leiglendingen sat trygt på jorda og kunne i hovudsak bruka ressursane slik han sjølv ville. Han hadde også avgjerande innverknad på kven som skulle følgja etter han på bruket. Skilnaden mellom odelsbønder og leiglendingar vert dermed endå mindre enn ein tidlegare har rekna med, samstundes som tilhøva for norske leiglendingar vert ein normal variant av dei leigetilhøva europeiske bønder vart tilbydde i tidleg nytid. Tema for prøveforelesning: ”Bondemotstand mot statsmakta i Noreg i tidleg nytid. Dialog eller opprør?” Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |