Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Enzym - meir enn vaskepulver
"Regulation and Stability of Aromatic Amino Acid Hydroxylases". Alle levande organismar er avhengige av enzym for å fungere, og hjå menneske kodar dei aller fleste av dei ca. 35000 kjende gena for spesifikke enzym. Dei aromatiske aminosyre-hydroksylasene, fenylalanin-, tyrosin- og tryptofanhydroksylase, er ein familie enzym som er sentrale i fleire fysiologiske prosessar hjå menneske og andre pattedyr. Fenylalanin-hydroksylase katalyserer det første trinnet i nedbrytinga av fenylalanin, og nedsett aktivitet av dette enzymet gjev Føllings sjukdom. Tyrosin- og tryptofanhydroksylase katalyserer det første og hastighetsbestemmande trinnet i biosyntesen av fleire hormon og signalstoff i nervesystemet, nærmare bestemt katekolaminer, serotonin og melatonin. For ei rekkje nevrologiske, hjartekar- og psykiatriske sjukdomar finn ein feil i reguleringa av desse signalstoffa. Grunna si sentrale rolle, er enzymaktiviteten til dei aromatiske aminosyrehydroksylasene nøye regulert. Doktorarbeidet har fokusert på nokre av reguleringsmekanismane, særleg kjemisk modifisering (fosforylering) av enzyma og binding av regulatorprotein frå 14-3-3 proteinfamilien. Fosforylering av enzyma fungerer som ein brytar som aukar enzymaktiviteten og signaliserer om at 14-3-3 protein skal binda. Enzym-14-3-3 komplekset vil då få ein auka aktivitet over lengre tid enn om bindinga ikkje fann stad. Arbeidet har også gjeve ny og grunnleggjande kunnskap om den stabiliteten til dei aromatiske aminosyrehydroksylasene, noko som er viktig mellom anna for å forstå sjukdomar som Føllings og Parkinsons sjukdom. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |