Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Simulering av væskeflyt i komplekse bergartar
"Reservoir simulation on heterogeneous and anisotropic media with imposed flux continuity conditions for general gemetries, and the inclusion of hysteresis in forward modelling". Temaet i avhandlinga er simulering av væskeflyt i porøse media der geometrien kan vera kompleks, og ein har store variasjonar i bergartsparametrar. Eit oljereservoar er eit porøst medium (type sandstein) som inneheld olje og gass (i 'tomrommet' i steinen). I Nordsjøen finn vi slike reservoar fleire tusen meter under havbotnen. Utstrekkinga til reservoaret kan vera mange kilometer i lengde og breidde, men sjeldan meir enn nokre hundre meter i høgd. Geologien vil ofte vera kompleks, og reservoaret kan innehalda sprekkar og forkastingar. Å simulera væskeflyt i eit oljereservoar er det same som å gje eit bilete av korleis ting vil utvikla seg i tid under gitte føresetnader. Dette er særs viktig informasjon å kjenna for oljeselskap som skal utvinna olje og gass. Oljebrønnar er dyre å bora, og medan eit felt er i drift kan strategien for å få mest mogeleg olje ut av reservoaret endra seg basert på informasjon ein kan få ved å gjera simuleringar. Hovudtemaet i doktorgradsarbeidet har vore å analysera og utvikla såkalla 'fleirpunkt fluks approksimasjons metodar' for å kunna bruka dei til simulering av væskeflyt i porøse media med kompleks geometri og sterkt varierande bergartsdata. Numeriske forsøk er gjort både for einfase- og tofase-flyt. Siste del av arbeidet omhandlar irreversible prosessar, og korleis ein modellerer slike numerisk. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |