Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2003
NY DOKTORGRAD Nøsta parallellisering og adaptiv gitterforfining
"Nested Parallelism in OpenMP with Application to Adaptive Mesh Refinement". Å rekna ut løysingar til fysiske problem kan ofte vera svært ressurskrevjande når det gjeld bruk av reknekraft. Difor er det viktig å utvikla effektive løysingsmetodar for å utnytta kapasiteten til superdatamaskiner. I si avhandling har Blikberg studert to vegar ein kan gå for å auka ytinga til ein metode på: adaptiv gitterforfining (AGF) og nøsta parallellisering. I eit løysingsområde vil trongen for tettliggande gitterpunkt i mange tilfelle variera frå delområde til delområde. For å skildra eit fenomen, vil interessante" områder trenga tette gitterpunkt, medan mindre "interessante" områder vil kunna klara seg med spreidde gitterpunkt. Kva områder som treng tette/spreidde gitterpunkt kan og variera i tid. AGF gjer det mogeleg å tilpassa tettleiken av gitterpunkt frå delområde til delområde, og frå eit tidspunkt til eit anna. Blikberg har i si avhandling studert kostnadane og gevinsten ved å bruka AGF samanlikna med å bruka tettliggande gitterpunkt i det totale løysingsområdet. Når eit arbeid kan delast opp i mindre oppgåver som kan gjerast uavhenging av kvarandre, og dermed løysast samstundes, har ein parallellitet. Når kvar av desse oppgåvene igjen kan delast i uavhengige deloppgåver, får ein "nøsta parallellitet". I avhandlinga har det blitt utvikla ein teknikk for å utføra nøsta parallellisering, og denne viste seg å vera naudsynt for å oppnå god yting. Dette både for ei statisk (fast) og ei dynamisk (varierande) mengde oppgåver og deloppgåver. Spesielt var dette tilfellet for eit AGF-program. Arbeidet med avhandlinga er gjennomført med professor Tor Sørevik som rettleiar. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |