Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2003

NY DOKTORGRAD

Orklas lange revolusjon

   
Cand. polit. Johann Roppen forsvarar 8. november 2003 si doktoravhandling:

”Orklas lange revolusjon. Konsern, redaktørar og journalistikk i Orkla Medias norske aviser 1985-2000.”

Avhandlinga handlar om korleis Orkla Media i åra 1985-2000 voks fram som eit av Nordens største og mest aggressivt veksande mediekonsern gjennom oppkjøp av borgarlege lokalaviser. Den raske ekspansjonen til Orkla Media er ei norsk og nordisk avspegling av globale konsentrasjonstendensar der medieindustrien blir tettare integrert i næringslivet medan medias tradisjonelle kopling til politikk blir svekka. Denne nyorienteringa mot økonomi set også sentrale mediepolitiske og journalistiske verdiar under press og dette er ein pågåande og langt frå sluttført prosess.

Avisredaktørane har ei nøkkelrolle i denne utviklinga ved at dei står både som garantistar for redaksjonell fridom og sjølvstende, men er samstundes ein del av konsernets leiarkorps. Studien er fokusert på Orklas noverande og tidlegare redaktørar i skjerings-punktet mellom lokalsamfunn, parti, journalistikk og konsern.

Empirisk sett bygger avhandlinga på ein kombinasjon av intervju med redaktørar i Orklas aviser og kasusstudiar av dei same avisene.

Avhandlinga er tilgjengeleg på Internett:
http://www.moreforsk.no/volda/nytt/roppen_avhandling.htm

Personalia:
Johann Roppen født 1967 tok cand.polit.-graden i 1992 ved Institutt for medievitskap, Universitetet i Bergen. Han er no tilsett som forskingsleiar ved Møreforsking Volda og som førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

Tid og stad for disputasen:
08.11.2003, kl. 12:15, Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store auditorium, Joplassvegen, Volda

Kontaktpersonar:
Johann Roppen, tlf. 70075228, Veileder Helge Østbye tlf. 55589106, epost: jr@hivolda.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.