Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2003

NY DOKTORGRAD

Om å forstå somaliske og sudanesiske innvandrarar i Norge utan eit snevert innvandringsperspektiv

   
Master of Science Munzoul A. M. Assal disputerer fredag 19. september 2003 for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Beyond Labelling: Somalis and Sudanese in Norway and the challenge of homemaking"

Denne avhandlinga handlar om somaliarar og sudanesarar som vert drivne av politisk ustabilitet, borgarkrig og mange andre faktorar til å søkja tilflukt i Noreg. Avhandlinga skildrar sjølve migrasjonsprosessane og korleis menneska prøver å tilpasse seg og finne seg til rette i Noreg, og den gjer greie for praksisar relatert til "homemaking", som er dei prosessar som ligg bak etablering av somaliske og sudanesiske samfunn i utanfor heimlanda (i diaspora).

Avhandlinga syner korleis menneska relaterer seg til det norske samfunnet, mens dei er i asylmottak og dermed er innanfor flyktningesystemet, og mens dei er utanfor, i deira møte med det norske velferdsystemet samt den norske arbeids- og bustadsmarknaden. Men den syner også korleis menneska tilpasser seg det diasporiske samfunnet, ved å engasjere seg i somaliske og sudanesiske politiske organisasjonar, ved å halde ved like familierelasjonar og ved å vere aktive i religiøst liv og religiøse organisasjonar. Desse aktivitetane fører menneska inn i relasjonar og dynamikkar som ikkje kan avgrensast til Noreg og til det norske samfunnet, men krev ei forståing av ei "total" somalisk og sudanesisk transnasjonal og diasporisk verd.

Avhandlinga søkjer såleis å problematisere konvensjonelle kategoriar som "flyktning", "immigrant" og "asyl- søkjar". Slik kategorisering kan vere viktig, men kan òg vere problematisk ettersom dei tilhøva som fører til migrasjon av flyktningar ikkje berre er relatert til borgarkrig og vald i heimlandet, men også er knytte saman gjennom komplekse politiske og økonomiske faktorar som relaterer til diasporasamfunna generelt. Difor vert ein byråkratisk "svart-kvitt" distinksjon mellom ulike kategoriar av menneske, basert på kva som er årsaka til deira migrasjon, problematisk og somme tider misvisande. Når ein nyttar kategoriar må ein vera klar over dei begrensingar og problem bruken av desse inneber. Avhandlinga søkjer å gå utover slike smale kategoriar ved å utforske transnasjonale samanhangar for betre å forstå folks erfaringar, identitetar og livsprosjekt.

Eit hovudpoeng i analysa er såleis å vise at måtane medlemmer i desse to nyetablerte samfunna innrettar seg på ikkje nødvendigvis berre er retta inn mot det å returnera til heimlandet eller mot integrasjon i det norske samfunnet, men å skape grunnlag for eit liv og ein heim i diaspora. Avhandlinga introduserer omgrepa "diaspora" og "transnasjonalisme" som viktige i studiet av flyktningar og immigrantar og det vert hevda at den lokale/nasjonale norske debatten om flyktningar og immigrantar ville vore tent med å ta opp slike tema framfor å vera fanga av eit einsidig fokus på "integrasjon" - som definerer flyktningar og immigrantar som "innkapsla" innan grensene til den norske nasjonalstaten.

Personalia:
Munzoul A. M. Assal, født i Sudan i 1967, fekk graden Master of Science ved Anthropology Department, University of Khartoum og vart teken opp som m.phil.-student ved Institutt for sosialantropologi i 1998. Han byrja på dr.polit.- graden i juni 1999. Statens Lånekasse for Utdanning har finansiert utdanninga hans.

Tid og stad for disputasen:
19.09.2003, kl. 10:15, Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1

Kontaktpersonar:
Munzoul A. M. Assal, tlf. 55 58 92 99, epost: munzoul.assal@student.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.