Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Bruken av straff og tvang på 1800-talet
”’Byens Udskud’? Ein studie av karrierar som innsett i tvangsarbeids- og straffanstaltar i Bergen ca. 1850-75” Med ny straffelov i 1842 vaks fengsel saman med straffarbeid fram som dominerande straffeform i Noreg, og om lag samtidig fekk politiet høve til å setje personar med uønska livsførsel på tvangsarbeid i inntil seks månader utan dom. Hovudtemaet i denne avhandlinga er korleis desse tvangs- og straffanstaltane vart nytta som sanksjonsform i Bergen ca. 1850-75. Tilnærminga skjer ved å undersøke enkeltkarrierane til om lag 3200 personar som i alt vart innsett 8800 gonger i ulike anstaltar i Bergen i perioden. Avhandlinga viser at sjølv om det danna seg mindre og dels overlappande kjernegrupper i både tvangs- og straffanstaltar, var slike karrierar individuelt svært differensierte, både med tanke på debutalder, karrierelengd, returar, intensitet og spesialisering. Denne differensieringa avspegla også varierte motiv bak bruken av straff og særleg tvang. Fengsling vart utløyst av kriminelle handlingar som kunne provast. Strenge prosessuelle reglar for slike innsetjingar avgrensa handlekrafta til lovhandhevarane sterkt. Tvangsarbeidet mangla dei same rammene for rettstryggleik og gav politiet høve til å reinse gatene for personar mistenkelege personar. Samtidig kunne initiativet til innsetjing kome frå naboar og slekt, eller vere frivillig som einaste utveg for ein del marginaliserte individ. Ein hovudkonklusjon er difor at både fengsling og tvang må forståast som ein multifunksjonell reaksjon på sosiale problem heller enn som medviten maktstrategi. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |