Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Individuelt tilpassa strålebehandling av blærekreft
”A contribution to improved radiotherapy for muscle-invading urinary bladder cancer” Omlag 1100 nye tilfelle av blærekreft vert diagnostisert årleg i Noreg. I omkring ein fjerdedel av desse tilfella invaderer svulsten muskulaturen i blæreveggen, og desse pasientane med muskel-invaderande blærekreft vert i Noreg i dag behandla anten med radikal operasjon (cystectomi) eller strålebehandling. Cystectomi er ein effektiv lokal behandling, men er eit omfattande kirurgisk inngrep som kan medføre betydelege komplikasjonar og dermed redusert livskvalitet for pasienten. Arbeidet i avhandlinga har fokusert på strålebehandling av muskel-invaderande blærekreft, og har hatt som målsetnad å forbetre dagens strålebehandling slik at denne kan verte eit fullgodt behandlingsalternativ for pasientar med blærekreft. Den første delen av prosjektet fokuserte på utvikling, verifisering og evaluering av ein ny strålebehandlingsteknikk for blærekreft. Metoden er basert på datastyrt rørsle av mekaniske delar av strålemaskinen undervegs medan strålinga vert gjeve. Initielt vart difor grundige kontrollmålingar av metoden gjennomført. Det vart vidare påvist at ved å ta i bruk denne teknikken ville det vere mogleg å forme fordelinga av stråledosen betre omkring målområdet ein vil bestråle hos pasientar med blærekreft, og dermed spare omkringliggande friskt vev frå å motta høge stråledoser. Som ein del av dette arbeidet vart det også gjennomført ei undersøking av matematiske sannsynsmodellar for predikering av utfallet av strålebehandling ved blærekreft (kontroll av svulsten/skade i friskt vev). I eit pågåande klinisk forsøk ved Haukeland Universitetssjukehus undersøker ein no om dette behandlingsprinsippet gjer det mogleg å auke stråledosen som ein gjev til blæresvulstar utan at dette medfører auka inisidens av skade i det friske vevet hos pasientane. Ved fraksjonert strålebehandling av svulstar i mellom anna bekkenet er det naudsynt å legge til sikkerheitsmarginar omkring målorganet for å ta omsyn til at dette kan bevege seg frå dag til dag, samt at innstillinga av pasienten på behandlingsbordet også kan variere noko mellom dei ulike behandlingane. Sikkerheitsmarginane må vere så store at ein sikkert treff svulsten ved kvar behandling, men heller ikkje større enn dette sidan ein vil unngå unødig bestråling av omkringliggande friskt vev. Dette er ei problemstilling som er særskilt viktig dersom ein ønskjer å auke stråledosen til svulsten. Den andre hovuddelen av prosjektet var difor ein klinisk studie der det kvar veke vart innhenta CT-bilete og såkalla feltkontrollbilete av pasientar med blærekreft. Ut i frå dette datamaterialet vart det berekna kor store sikkerheitsmarginar ein må legge omkring blæra ved strålebehandling av blærekreft. Dei oppdaterte marginane er allereie teke i bruk for dette behandlingsopplegget ved Haukeland Universitetssjukehus. Datamaterialet har også gjeve grunnlag for fleire andre pågåande studiar av organ- og pasientinnstillings-variasjon ved strålebehandling av svulstar i bekkenet. For arbeidet i avhandlinga har Muren i år fått tildelt den europeiske stråleterapiorganisasjonen, ESTRO, sin forskningspris, ESTRO-Varian Research Award 2002. Prøveforelesingar: (tid og stad sjå under) Sjølvvalgt emne: Føresetnader og forventningar til intensitetsmodulert stråleterapi(IMRT) i framtidig kreftbehandling. Oppgjeve emne: Klinisk og strålebiologisk betydning av "Radiation Hypersensitivity"(RHS) ved fraksjonert intensitetsmodulert stråleterapi (IMRT).(Tid: 14:15) Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |