Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD DNA og kjemoterapeutika
”Transition Metal - DNA Interaction. Nucleotides as Model Systems for Kinetic and Structural Studies of Macrocyclic Ni(II) and Anticancer trans-Platinum(II) complexes.” Eit av dei mest brukte medikament for behandling av kreft ved hjelp av kjemoterapi er cisplatin - eit heller enkelt metallkompleks av platina. Cisplatin er svært effektivt mot visse kreftformer, men har diverre uheldig biverknad og etter ei tid kan det ofte bli utvikla resistens. For å finne fram til betre kjemoterapeutika er det viktig å forstå verkemåten til desse stoffa på molekylnivå. Det er kjent at cisplatin bind seg til DNA molekylet og hindrar celledeling, men ein kjenner ikkje til detaljar i reaksjons-mønsteret. I avhandlinga er det undersøkt ein heilt ny type platinakompleks med trans-geometri. (trans-EE). Desse stoffa syner god effekt mot visse typar kreft og vil om kort tid gå til klinisk utprøving (Fase 1). Prosjektet er eit EU-samarbeid med prof. Giovanni Natile ved Dipartimento Farmaco-Chimico, Universitetet i Bari, Italia. Ved å nytte nitrogen-15 isotopen som ”merkelapp” har vi kunne studere struktur reaksjonsmønsteret for binding av trans-EE til DNA sekvensar ved hjelp av avanserte spektroskopiske metodar (NMR). Vi har m.a. funne ein heilt ny og uventa bindingsform mellom DNA-komponentar og trans-EE. Denne delen av arbeidet er publisert som ”hot” artikkel i Angwandte Chemie. Prosjektet vil halde fram og utvida til å omfatte større DNA-modellsystem. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |