Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Gasskraftsaka
”Når handling tar plass. Ein kulturstudie av Fellesaksjonen mot gasskraftverk.” Tema for avhandlinga er den såkalla gasskraftsaka i Øygarden. I avhandlinga følgjer vi gasskraftsaka frå ho vart lansert våren 1997 til miljøvernarane året etter kunngjer dette som ei vunne sak. Avhandling sitt mål er å belyse dette tidsspennet som ein prosess for å diskutere sentrale spørsmåle problemstillingar innafor dagens humaniora – nemleg på kva måte mening blir danna. I ei tid då mange trudde at den politiske interessa var forsvunne og den miljøpolitiske aksjonen hadde gått inn i historia – dukkar altså gasskraftsaka opp. Som ein ny miljøpolitisk aksjon maktar den å sette spørsmålet om klima og dei globale klimaendringane på dagsordnen. Dette samstundes som den massivt kom til å prege norsk offentlegheit på slutte av 1990-talet – mellom anna forårsakar den eit regjeringsskifte og regjeringa Bondevik må gå av. På bakgrunn av den betydninga som gasskraftsaka etterkvart fekk med ringverknadar inn i ei rekke verksemder og sektorar diskuterer avhandlinga om der finst andre føringar utover dei naturvitskaplege og politiske – slik som dei kulturelle – som var med på å gjere gasskraftsaka betydningsfull. For når gasskraftsaka vart lansert i 1997 av Fellesaksjonen – var dette med eit postulat om at gasskraftsaka ville bli eit nytt Alta. I avhandlinga syner Reksten Kapstad på kva måte gasskraftsaka som ein ny kulturell storleik blir gitt liv ved at aksjonistane og andre aktørar låner bilete, myter og førestillingar frå tidlegare protestaksjonar. Men dette er referansar som skjeldan blir uttrykt i direkte språkleg forstand. Men som istaden refererer seg til utvalgte gjenstandar og objekt som t.d. ”kjetting” og ”lavvo”. Det vil m.a.o. seie til den materielle kulturen. Avhandlinga viser korleis nyare teoretiske retningar innafor dagens kulturstudier – slik som dei språklege og kulturelle ”vendingane” – blir utilstrekkeleg som analyseverkty i møte med gasskraftsaka og konkret empiri. I avhandlinga blir sentrale teoretiske posisjoner innafor humaniora utfordra. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |