Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Natur og historie
“Naturhistoriske konstellasjonar - studiar i Theodor W. Adornos kritiske teori” for dr.art.-graden. Miljøproblem og økologiske spørsmål gjer det naudsynt å tenkja gjennom menneska sitt tilhøve til naturen på det praktiske plan, men også vitskapsteoretisk og filosofisk. Når det vert understreka at mennesket er eit historisk vesen, er det til dømes vanleg å definera det historisk foranderlege i motsetnad til naturen, som underforstått er “det som berre er slik”. Men når vi blir minte om at menneska er ein del av naturen og er avhengig av den, vert ei slik motstilling for enkel. Den tyske filosofen, sosiologen og kunst-teoretikaren Theodor W. Adorno (1903-69) spissformulerte sin historisk-materialistiske oppfatning i det han kalte “idéen om naturhistoria”: Det gjeld å skjøna historien som natur og naturen som historisk, for både natur og historie er forgjengelege. Dette er ein gjennomgåande tenkjemodell som viser samanhengen mellom historiefilosofi, sosiologi og estetikk hjå Adorno: Samfunnet er forma av dei historiske freistnadene på å gjera mennesket fritt gjennom herredømme over over naturen, inkludert den menneskelege — men ein fridom bygd på herredømme øydelegg seg sjølv. I avhandlinga vert det mellom anna hevda at den estetiske teorien er samfunnsmessig relevant i kraft av ein implisitt naturfilosofi, som er eit korrektiv til den einsidig teknisk utnyttande innstillinga til naturen. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |