Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Lys i havet
”Light and life in polar and coastal waters” Temaet i avhandlinga er knytt til dei optiske eigenskapane til atmosfæren og havet, og korleis lyset forplantar seg i dette kopla systemet. Forskingsarbeidet er fokusert både på norske fjordar og på det is- og snødekte polarhavet. Særleg er det lagt vekt på korleis mengda av planteplankton verkar inn på lysnivået i havet. Forskingsresultata vil kunne nyttast både i samband med fjernmåling og overvaking av algeoppblomstringar langs norskekysten og til å auke kunnskapen om kva konsekvensar klimaforandringar har på det polare økosystemet. Den teoretiske modelleringa av lystransport er utført i samarbeid med Stevens Institute of Technology i New Jersey, mens den polare og biologiske forskinga er utført i samarbeid med Norsk Polarinstitutt i Tromsø og Mikrobiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |