Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2002

NY DOKTORGRAD

Molekylære rørsler i porøst materiale

   
Lars Gjerdåker disputerer fredag 28. juni for dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”NMR diffusion and relaxation measurements of organic molecules adsorbed in porous media”.

Temaet i avhandlinga er knytta til korleis ulike molekyl vil oppføra seg i porøst materiale. Døme på porøst materiale kan vera oljereservoar, sement, kontaktlinser, vaskemiddel, katalysatorar, og mange typar biologiske material. Overflate og storleik på det porøse materialet, til liks med fysiske parametrar som trykk og temperatur, vil i stor grad påverka dei molekylære rørslene.

I dette arbeidet er det nytta fire ikkje-krystallinske silica prøver med porestorleik (40, 60, 200 og 500 Å) i tillegg til MCM-41 og H-ZSM5 som er krystallinske (porestorleik lik 35 og 8 Å). Som adsorbentar er etan, sykloheksan, tert-butyl cyanid og trimetyl eddiksyre nytta. Diffusjon og relaksasjon (T1 og T2) er målt ved hjelp av ulike kjernemagnetisk resonans (NMR) teknikkar.

Arbeidet har vist at det under forsøk der temperaturen vert senka vil verta danna to komponentar, ein overflate komponent og ein komponent i sentrum av pora. Komponenten i sentrum vil frysa ved senka temperatur, medan overflate komponenten vil vera væskeliknande sjølv ved temperaturar langt under frysepunktet. Eigenskapane til denne overflate komponenten vil vera mykje like bulkvæske. Det er vidare funne at det ved ulike fyllingsgrader fyrst vil dannast ein overflate komponent, før resten av porevolumet vert fylt opp. Ulike pulsa feltgradient-sekvensar er nytta under målingane av diffusjon. Det er her utvikla ein ny pulssekvens som betrar moglegheitane for å kunna måla diffusjon i system der diffusjonslengda nærmar seg storleiken på det porøse materialet eller i system som har kort spinn-spinn relaksasjon (T2).

Professor Dagfinn W. Aksnes, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, har vore hovudrettleiar. Forskningsarbeidet har vore utført i samarbeid med NTNU i Trondheim og Universitetet i Vilnius, Lithauen.


Personalia:
Lars Gjerdåker er fødd i 1970 og oppvaksen på Voss. Han tok cand. scient. eksamen i kjemi ved Universitetet i Bergen i 1998. Etter sivilteneste og ein periode som vitskapleg assistent ved Kjemisk institutt vart han tilsett som stipendiat i 2000. Han er no tilsett som reservoaringeniør i A/S Norske Shell.

Tidspunkt og sted for disputasen:
28.06.2002, kl. 11.00, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégt. 41.

Kontaktpersoner:
Cand. scient. Lars Gjerdåker, tlf.: 5558 8244 , epost: Lars.Gjerdaker@kj.uib.no
Informasjonsavdelingen v/ mediekontakt Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a), e-post: morten.steffensen@info.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.