Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2002
NY DOKTORGRAD Habitatsbruk hjå fiskeyngelCand.scient Hege Folkestad disputerer 23. august 2002 for dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:”Habitat use in larval and juvenile fish: effects of developmental stage, predator types and multiple predators”. Fiskeyngel er byttedyr for alt frå små manetar, krepsdyr og insekt til virveldyr, og førekomsten av slike rovdyr kan variere frå stad til stad. Kva rovdyr yngel kjem i kontakt med blir derfor påverka av kor vidt yngelen held seg i ope vatn, nær botnen eller innimellom tang og tare. Vidare er den romlege plasseringa med på å avgjere kva som vert utfallet av slike påtreff. Sjølv om svært små fiskelarvar kan ha avgrensa evne til å flytte seg over store avstandar, er det potensielle tydinga av sjølv småskala habitatsskifte stor, ettersom risikoen for å bli spist påverkast av flyttingar frå eitt område til eit anna. I denne avhandlinga er habitatsbruken hjå yngel blitt undersøkt gjennom innsamlingar i felt og i laboratoriet gjennom bruk av eksperimentelle metodar. Føremålet har vore å undersøke korleis habitatsbruken endrar seg ettersom yngelen vert større, men og å finne ut kor vidt habitatsbruken endrar seg med typar av rovdyr som finst i omgjevnadene. Yngel vil ofte vere utsett for risiko frå ulike typar av rovdyr samstundes, og stor vekt er lagt på å finne ut kor vidt responsen på eitt rovdyr i slike høve avheng av om andre rovdyr er til stades. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |