Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2002

NY DOKTORGRAD

Sørvestleg luftstraum over Sør-Noreg

   
Cand. Scient. Idar Barstad disputerer 28. februar 2002 for dr. scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

"Southwesterly flows over southern Norway".

Avhandlinga er eit studium av sørvestleg luftstraum over Sør-Noreg. Han har studert mekanismer som er viktige for vindtilhøva langs kysten, og har kommet fram til at mellom anna atmosfæriske variablar som storstilt vindretning, stabilitet og vindstyrke er avgjerande for kvar ein kan vente sterkaste vinden. Vidare har han funne fram til atmosfæriske dynamiske strukturar som ikkje tidlegare har vore kjende i desse områda. Denne avhandlinga gjev ein kjennskap til mekanismer som er viktige når ein skal søkje å utnytte vindkraft langs kysten.

Personalia:
Idar Barstad (29) er frå Barstadvik på Sunnmøre.Barstad tok Cand.scient. eksamen i 1998 ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen. Han har vore tilsett som stipendiat hjå Institutt for Energiteknikk på Kjeller.

Tid og stad for disputasen:
28.02.2002, kl. 13.00, Auditoriet, østfløyen, Geofysisk institutt, Allégt.70

Kontaktpersonar:
Idar Barstad, Geofysisk institutt, tlf.nr.: 55 582602, epost: idar@gfi.uib.no
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Margareth Barndon, tlf. 55 58 90 34 (a), e-post: margareth.barndon@info.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.