Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2002

NY DOKTORGRAD

Modernisering og identitetsdanning i Sverige og Noreg

   
Cand. philol Svein Ivar Angell disputerer fredag 18. januar for dr. art-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Den svenske modellen og det norske systemet – Tilhøvet mellom modernisering og identitetsdanning i Sverige og Noreg ved overgangen til Det 20. hundreåret".

Avhandlingsarbeidet drøftar tilhøvet mellom nasjonal-kulturell, politisk-demokratisk og teknisk-økonomisk modernisering i Sverige og Noreg ved overgangen til 1900-talet i eit samanliknande perspektiv. Vilkåra for ei modernisering innanfor desse tre felta var høgst ulike i dei to samfunna, og det er grunn for å hevda at det var ulike sider ved moderniseringa som fekk mest å seia for identitetsdanninga. Sverige hadde til skilnad frå Noreg ein ubroten statstradisjon og var eitt av dei få europeiske landa som ikkje hadde vore okkupert. Denne skilnaden gav ulike vilkår for å definera ein nasjonal identitet, på same tid som det fekk ulike verknader for tilhøvet mellom kulturell og politisk modernisering. I Noreg utløyste den kulturelle sida ved moderniseringa ein politisk energi som vart ei sterk drivkraft i demokratiseringsprosessen. I Sverige vart nasjonalismen mobilisert i dei konservative sitt forsvar av dei gamle institusjonane. Her fanst det òg i ein annan grad enn i Noreg konservative forfatningsmessige garantiar, noko som innebar at vilkåra for ei politisk demokratisering var ulike. Dette må ein på same tid sjå på bakgrunn av at det var ulikskapar i dei to samfunna sine sosiale strukturar, noko som mellom anna sprang ut av at Sverige i ein mykje større grad enn Noreg var prega av ressursmessige konsentrasjonar. I Noreg gjorde det desentraliserte ressursgrunnlaget at den teknisk-økonomiske sida ved moderniseringa i ein annan grad enn i Sverige vart eit spørsmål om politisk kontroll. I Sverige spelte den industrielle moderniseringa på si side ei mykje meir framtredande rolle i det moderniseringspolitiske ordskiftet.

Arbeidet drøftar korleis desse trekka ved moderniseringsprosessane i dei to landa gav seg utslag innanfor ei rekkje område. Likeins vert det vurdert i kva grad dei har gjort seg gjeldande utetter Det. 20. hundreåret, innanfor det som i samfunnsvitskapeleg språkbruk har vorte karakterisert som "den svenske modellen" og "det norske systemet".

Personalia:
Svein Ivar Angell er fødd i Odda i 1967 og vart cand. philol med hovudfag i historie frå UiB i 1994. Frå 1994 var han knytt til Senter for europeiske kulturstudiar som prosjektassistent og til Historisk institutt som timelærar og forskar. Frå 1998 var han dr. art-stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han er no knytt til Historisk institutt, UiB, som forskar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
17.01.2002, kl. 16.15, Auditorium B, Sydneshaugen skole

Tid og stad for disputasen:
18.01.2002, kl. 10.15, Auditorium B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Svein Ivar Angell, tlf. 55582212, epost: svein.angell@hi.uib.no
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Tine Rude, tlf. 55 58 90 34 (a), e-post: tine.rude@info.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.