Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2001
NY DOKTORGRAD Ein studie i romanane til Samuel BeckettCand.philol. Finn Tveito disputerer 12. januar 2001 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:"Rørsle og balanse. Ein studie i romantrilogien til Samuel Beckett" I tillegg til nærlesingar av dei tre romanane Molloy, Malone meurt og L'Innommable inneheld avhandlinga ei gransking av prosarytmen til Beckett, og dessutan eit forsøk på å sirkla inn livsvisjonen hans, slik den kjem til syne i teksten. Forteljarane til Beckett har store vanskar med å ytra sikre utsegner om tilværet og omgivnadene dei har rundt seg. Denne avmakta kjem direkte til uttrykk i stilen, med mange korrigeringar og sjølvmotseiingar. Det arbeidet Beckett gjer med sjølve prosaen, framhevar dei vilkåra mennesket lever under som språkvesen: Det er ikkje berre orda sitt meiningsinnhald som er viktige for oss, men også det orda ber med seg av rytme og klang. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |