Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2001
NY DOKTORGRAD God forretningsskikk næringsdrivande imellom"God forretningsskikk næringsdrivande imellom" Avhandlinga (560 sider) omhandlar spørsmål som oppstår ved rettsbruk basert på den rettslege standarden god forretningsskikk, med utgangspunkt i marknadsføringslova § 1. Hovudspørsmålet knyter seg til korleis ein nærare skal resonnere rettsleg i tvistar som gjeld grensa mellom lojale og illojale konkurransehandlingar. I den metodisk orienterte delen av avhandlinga drøftar forfattaren rettsbruk basert på rettslege standarder, mellom anna kva rettskjeldemessig vekt ein kan legge på praksis utvikla gjennom private konfliktløysingsorgan. Trass i at slik praksis kvantitativt spelar ei dominerande rolle, viser drøftingane at den rettskjeldemessige vekt av slik praksis er avgrensa. Den andre del av avhandlinga drøftar standarden god forretningsskikk i ulike konfliktsituasjonar. Desse analysene omhandlar grensene for adgangen til å etterlikne andre næringsdrivande sine prestasjonar og immaterielle rettsposisjonar, typisk når prestasjonane fell utanfor det vern som kan utleiast av immaterialrettslege lover som patentlov, varemerkelov, opphavsrettslov etc. Andre konflikttypar som vert drøfta, er etablering av verksemd i konkurranse med tidlegare arbeidsgjevar eller andre samarbeidspartar, tredjemanns inngrep i kontraktsforhold og grenser for omtale av konkurrentar/kommersiell ytringsfridom. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det juridiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |