Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2001

NY DOKTORGRAD

Snorres Heimskringla i handskriftet Jöfraskinna

   
Cand.philol. Rune Kyrkjebø disputerer 15. juni for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Heimskringla I etter Jöfraskinna. Karakteristikk av tekstvitna samt tekstkritisk utgåve av Jens Nilssøns avskrift i AM 37 folio"

Det gammalislandske handskriftet Jöfraskinna frå ca. 1325 inneheldt mellom anna Snorre Sturlasons kongesoger. Saman med så mange verdifulle skinnbøker gjekk handskriftet tapt i den store brannen i København i 1728, men det var heldigvis før brannen blitt skrive av i fleire forskjellige papiravskrifter. På den måten er teksten frå Jöfraskinna bevart opp til vår tid. Denne avhandlinga argumenterer for at den avskrifta som Jens Nilssøn, seinare biskop i Oslo og Hamar, laga i 1567-68, er den beste av papiravskriftene av Jöfraskinna. Avhandlinga inneheld også ei kritisk undersøking av dei andre papiravskriftene.

Eit viktig spørsmål som blir tatt opp, er om det er samanheng, i form av tekstblanding, mellom papiravskriftene - eller om dei er sjølvstendige, reine kopiar av Jöfraskinnas tekst. Avhandlinga kjem elles også inn på spørsmålet om karakteren av den Snorre-teksten som ligg til grunn for den omsetjinga som gjorde teksten kjend her i landet, Peder Claussøn Friis si Norske Kongers Chronica frå 1633. Det syner seg at Peder Claussøn må ha hatt eit handskrift som har vore i nær slekt med Jöfraskinna. Ein hovuddel av avhandlinga er ei vitskapleg avskrift av Snorres Heimskringla fram til og med Olav Tryggvason, slik teksten står i Jens Nilssøns papiravskrift. Bakgrunnen for å lage denne vitskaplege avskrifta er det Heimskringla-prosjektet som er i gang her i landet, der målet er å få gitt ut alle dei mest interessante handskriftene i moderne og gode utgåver til bruk for forskarar og andre.

Personalia:
Rune Kyrkjebø er fødd i Høyanger i Sogn 12.12.68. Han tok filologisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1994. I 1996 fekk han doktorgradsstipend frå Norges Forskningsråd, og arbeidde fram til våren 2000 ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Studieåret 2000-2001 har han vore tilsett som forskar ved Senter for høyere studier ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo.

Tid og stad for disputasen:
15.06.2001, kl. 10.15, Auditorium 4 på Jus-bygget (Dragefjellet).

Kontaktpersonar:
Rune Kyrkjebø, Tlf: 55 58 24 38, E-mail: Rune.Kyrkjebo@nor.uib.no
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Kristin Sandereid, tlf. 55 58 90 34 (a), epost: kristin.sandereid@info.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.