Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2001
NY DOKTORGRAD Norske mengdeuttrykk"Pseudopartitives in Norwegian". Avhandlinga tek føre seg norske uttrykk som t.d. tre liter vatn, litervis med vatn og tusenvis av studentar, der eit substantiv eller eit ord på -vis viser til ei mengd og eit anna substantiv viser til ein art. I nokre slike uttrykk finn ein med eller av, men i andre uttrykk har ein ingen preposisjon. Eitt av måla med studien har vore å klarleggje vilkåra for kva for uttrykksmåte som vert brukt. Resultata viser at språkbruken mellom anna er styrt av forholdet mellom ulike metaforiske (biletlege) forståingar av mengd: Vi grip det abstrakte ved hjelp av førestillingar om det konkrete. Til dømes viser språkbruken at uttrykk for det abstrakte forholdet mellom eit vektmål og det som har denne vekta, byggjer metaforisk på uttrykk for det konkrete forholdet mellom ein behaldar og eit innhald. Eit anna mål har vore å behandle eit klassisk problem: kva substantiv som er kjernen (det grammatisk sentrale ordet) i uttrykk som tre liter vatn. Språket er i sakte endring, slik at artssubstantivet, og ikkje (som før) mengdesubstantivet, blir kjerne. Grunnen ser ut til å vere at konkrete artssubstantiv som vatn er betre eigna til å vise til ting med enn abstrakte mengdesubstantiv som liter er. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |