Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2001
NY DOKTORGRAD Blodplate-effektar ved akutt myelogen leukemi (AML)Cand. scient Brynjar Foss disputerer 18. oktober for dr. philos graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:“Platelet effects in acute myelogenous leukemia (AML). In vitro and in vivo studies of platelets, AML blasts and their interactions”. Blodplater (thrombocyttar) er små celler som sirkulerer i blodbanen og fungerer saman med koagulasjonssystemet i å stoppe blødingar. Under slike tilfelle er blodplatene blitt aktiverte. Det vil seie at dei mellom anna endrar fasong, blir klebrige og vil feste seg (adherere) til andre celler samt koagulasjonsprotein og at dei frigir (sekrerar) ulike vekstfaktorar (cytokiner). Det viser seg at blodplater òg kan bli aktiverte under andre forhold som ved infeksjonar, ved eksponering av enkelte cytokiner, ved kontakt med ikkje-biologiske materiale og ved stress. Det er vidare påvist at blodplater, ved ulike typar blodkreft (leukemi), har fått endra sin form og funksjon. Mange av dei cytokina blodplater kan sekrere blir produsert og sekrert av andre celler, og er godt kjende å kunna påverka den normale blodcelleproduksjonen i beinmargen. Like eins kan slike cytokin òg påverka vondarta (maligne) blodceller. Akutt myelogen leukemi (AML) er ei undergruppe av blodkreft der maligne blodceller i beinmargen ikkje blir mode, men stoppar opp i utviklinga og blir verande umodne. Slike maligne celler kan ekspandere i beinmargen og dermed øydeleggje den normale blodcelleproduksjonen. I tillegg kan dei sekrere fleire typar cytokiner som kan påverke andre blodceller og biologiske prosessar. I enkelte døme kan dei òg ”vandre” ut blodbanen og spreie seg til andre organ. Avhandlinga tar for seg 1) korleis ulike cytokiner frå blodplater åleine og i kombinasjon med andre biologiske cytokiner kan påverke vekst og funksjon av AML celler, 2) korleis plasma og serum nivå av ulike blodplatesrelaterte cytokiner kan variere før, under og etter AML behandling, samt 3) om blodplater adhererer unormalt eller har unormal aktiveringsmønster under høgdose kreftbehandling som mellom anna er relevant for AML. Kunnskap innanfor desse områda kan gi auka forståing av om blodplater kan påverke AML celler og dermed sjukdommen og/eller behandling av AML, og om AML celler kan påvirka blodplatefunksjonar. I tillegg vil denne type undersøking gi auka kunnskap om AML, og kan bidra med kunnskap som i framtida kan forbetre behandling av kreft, og så særleg AML. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |