Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2001
NY DOKTORGRAD Lokale nettverk viktig for næringsutvikling.Mag. art. Oddbjørn Bukve disputerer 29. juni for dr. philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:"Lokale utviklingsnettverk. Ein komparativ analyse av næringsutvikling i åtte kommunar." Doktoranden si målsetjing er å forklare variasjon i lokal næringsutvikling mellom norske distriktskommunar. Spesielt er han oppteken av kva rom lokale aktørar har for å påverke lokalsamfunnet sin lagnad. Problemstillinga blir undersøkt gjennom ei samanlikning av åtte distriktskommunar, og i tillegg ein landsdekkande survey med data om næringspolitikken i over 300 kommunar. Forskingsdesignet kombinerer djupnestudiar av utviklingsprosessar i kvar enkelt kommune med systematiske samanlikningar basert på data om variasjon i næringsstruktur, organisering og næringspolitiske strategiar. Gjennom forskingsarbeidet kjem omgrepet lokale utviklingsnettverk i fokus som ein nøkkel til å forstå prosessane i lokalsamfunnet. Hovudfunnet er at kommunar med integrerte lokale utviklingsnettverk, der private og offentlege aktørar samarbeider om næringsutvikling, har ei påviseleg betre utvikling enn kommunar med svake nettverk. Dei utviklingsfremjande nettverka er heterogene i den forstand at dei fører saman aktørar med ulike ressursar, og dei er inkluderande i den forstand at dei femner vidt i lokalsamfunnet. I avhandlinga blir Stryn trekt fram som prototypen på ein distriktskommune med denne typen lokale nettverk. Det let seg ikkje gjere i ei handvending å skape handlekraftige nettverk på lokalnivået. Dessutan er utviklingstrekk og drivkrefter på nasjonalt og globalt nivå sterke. Vi vert stadig meir medvitne om kor avhengige vi er av globale prosessar. I eit slikt lys kan det vere freistande å oppfatte arbeidet med lokal næringsutvikling som lokalpolitikkens siste sprell, ei symbolsk markering av handlekraft for å dekke over den faktiske avmakta. Det avhandlinga syner, er at det trass alt finst eit handlingsrom, og det finst ulike måtar å utnytte det på. I dette ligg utfordringa for den lokale næringspolitikken. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Det samfunnsvitenskapelige fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |