Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2001

NY DOKTORGRAD

Vitskapleg argumentasjon

   
Cand. philol. Kjersti Rongen Breivega disputerer 16. november for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Vitskaplege argumentasjonsstrategiar. Ein komparativ analyse av superstrukturerelle konfigurasjonar i medisinske, historiske og språkvitskaplege artiklar”.

Det er store variasjonar i skrivestil innan ulike akademiske fagområde. Denne avhandlinga kastar lys over dette ved å samanlikne den overordna tekstoppbygginga i vitskaplege artiklar frå eitt naturvitskapleg fag (medisin) og to humanistiske fag (historie og språkvitskap). Med tekstoppbygging blir det her sikta til samspelet av ulike framstillingsformer som å argumentere, fortelje og beskrive i éin og same tekst, og argumenterande tekstparti får særleg merksemd.

Resultata i avhandlinga viser at artiklar frå dei humanistiske fagområda historie og språkvitskap gjennomgåande er prega av argumenterande tekstoppbygging, medan artiklar frå det naturvitskaplege fagområdet medisin berre inneheld open argumentasjon i delar av teksten. I historiske og språkvitskaplege artiklar er forteljande (særleg relevant i historiefaget) og beskrivande parti vovne inn i ei argumenterande tekstoppbygging. Medisinske artiklar ber derimot preg av ei retorisk todeling, der det blir argumentert i innleiingar og avsluttande diskusjonsparti, medan midtpartia i artiklane, som konvensjonelt formidlar informasjon om materiale, metode og resultat, er gjennomført beskrivande.

Det er i avhandlinga dessutan brukt mykje plass på å utmeisle ei teoretisk og metodisk tilnærming til tekstlingvistiske modellar for argumenterande, forteljande og beskrivande framstillingsformer.

Personalia:
Kjersti Rongen Breivega (fødd 1967) er oppvaksen i Os i Hordaland. Ho avla cand.philol.-eksamen med nordisk hovudfag i 1994, og har sidan arbeidd ved Universitetet i Bergen. Frå 1994 til 1998 var Breivega tilsett som terminolog ved Norsk termbank/HIT-senteret. I perioden 1998-2001 var ho Nfr-finansiert stipendiat ved Institutt for litteraturvitskap og lingvistikk, Seksjon for lingvistiske fag. Ho er no tilsett som forskar ved Romansk institutt.

Tidspunkt og sted for disputasen:
16.11.2001, kl. 10.15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9.

Kontaktpersoner:
Kjersti R. Breivega, tlf. 55 58 20 70(a)/ 55 32 66 42(p), epost: kjersti.breivega@lili.uib.no
Informasjonsavdelingen v/ mediekontakt Anette W. Petersen, tlf. 55 58 90 34 (a),e-post: anette.petersen@info.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.