Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2001

NY DOKTORGRAD

Vikjer ved fjorden - vikjer på prærien.

   

Rasmus Sunde disputerer fredag 30 mars for dr. phil. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen:

"Vikjer ved fjorden - vikjer på prærien. Ein komparativ demografisk studie med utgangspunkt i Vik i Sogn".

Utgangspunktet for avhandlinga er den store utvandringa frå Vik i Sogn til Amerika. Godt og vel 3300 vikjer emigrerte i tidsrommet 1839-1964, medan folketalet i 1835 kan visa til 3140 innbyggjarar. Rasmus Sunde stiller spørsmål om korleis det gjekk emigrantane frå Vik i det nye landet, og i ein vidare samanheng om det er mogeleg å føreta ei jamføring mellom dei som utvandra og dei som vart verande att i Vik. Han har valt ei demografisk tilskjering, og prosjektet siktar mot å gje ein analyse av dei demografiske tilhøva både i Vik og blant immigrantane og barna deira i Amerika. For å få dette til, har Sunde basert det empiriske tilfanget på eit omfattande innsamlingsarbeid på individ- og familienivå.

Målsetjinga har altså vore å utføra ei demografisk og delvis kulturell jamføring av to befolkningar som er kopla saman av ein flyttestraum: den geografisk definerte opphavsbefolkninga i Vik og den "etnisk" definerte avleggjarbefolkninga i Amerika.
Hovudproblemstillinga har elles vore å kartleggja i kva grad ei befolkning i nye materielle og sosiale omgjevnader endrar og tilpassar si demografiske åtferd og sine meir generelle kulturelle særmerke.

Den største skilnaden i dei to befolkningane finn ein når det gjeld det høge mortalitetsnivået blant vikjene i Amerika. På 1800-talet har dei ein monaleg lægre forventa levealderen ved fødselen enn befolkninga i Vik. Det mest iaugefallande analyseresultatet elles er den låge gjennomsnittslege giftarmålsalderen til særleg vikja-kvinnene i Amerika, og dette førte til ein god del større barneflokkar blant dei. Vidare er det oppsiktsvekkjande at fødslar utanfor ekteskap som var så vanleg i Vik, omtrent ikkje førekom blant vikjene i Amerika. Undersøkinga viser at det demografiske materialet dessutan kan fortelja ein god del om vikjene si kulturelle tilpassing til det amerikanske samfunnet.

Personalia:
Rasmus Sunde er fødd i Vik i Sogn i 1944 og voks opp i Jølster. Han er utdanna cand.phil. ved Universitetet i Trondheim i 1974 med hovudfag i historie. Sunde har vore lektor, rådgjevar og inspektør i grunnskulen, først i Melhus og Klæbu i Sør Trøndelag og frå 1978 i Balestrand der han er busett. Frå 1991 har han vore amanuensis i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

Tid og stad for disputasen:
30.03.2001, kl. 12.15, Auditorium 4, Jus-bygget (Dragefjellet), Magnus Lagabøtesplass 1

Kontaktpersonar:
Cand.phil. Rasmus Sunde, (a) 57 67 62 66, (p) 57 69 12 07
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Kristin Sandereid, tlf. 55 58 90 34 (a), epost: kristin.sandereid@info.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.