Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Den skjulte velferdsstaten i samanliknande perspektiv

Cand. polit. Rune Ervik disputerer 8. desember 2000 for dr. polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"The hidden welfare state in comparative perspective: tax expenditures and social policy in eight countries".

Avhandlinga tar opp eit sentralt men lite utforska område innafor den samanliknande velferdsstatsforskinga. Emnet er skatteutgifter innafor velferdsområdet, såkalla fiskal velferd. Det vil seie ulike former for gunstig skattlegging gjennom frådragsordningar, inntektsvurdering under marknadsverdi og skattefritak. Uttrykket "den skjulte velferdsstaten" viser til det faktum at desse skatteutgiftene i liten grad er synleggjort i offentleg budsjett- og statistikksamanheng. Slike ordningar er heller ikkje del av det offentlege ordskifte om velferdsstaten. Ervik samanliknar Australia, Storbritannia, Tyskland, USA og fire nordiske land. Arbeidet gjev ei empirisk kartlegging av variasjon i bruken av skatteutgifter og for- delingsverknader av slike velferdsoverføringar. Avhandlinga syner korleis den politiske debatten om slike ordningar blir utforma og tar opp kva som skil slik fiskal velferd frå andre offentlege sosiale velferdsordningar. I faglitteraturen blir landa ovanfor knytt til ulike velferds- modellar med særeigne kjenneteikn. Innafor den liberale velferdsmodellen (dei tre engelskspråklege landa) dominerer marknadsbasert velferd. I den kontinentale (Tyskland) er velferd knytt til deltaking på arbeidsmarknaden. Statleg ansvar og velferdsordningar som omfattar alle er særtrekk i den nordiske modellen. Innafor bustadpolitikken finn Ervik at land som Finland og Noreg nyttar skatteutgifter i relativt langt høgare grad enn til dømes Sverige og Tyskland for å stø huseigarar. På dette området har Noreg slik mykje til felles med land som Australia og USA. Utifrå dette blir det problematisk å oppretthalde forestillinga om ein nordisk velferdsmodell i høve til bustadsektoren. Korleis kan variasjon i bruken av skatte- utgifter mellom land forklarast? Samhandling mellom ulike velferdssystem (det sosiale, det fiskale og det arbeidsmarknadsbaserte) over tid dannar det sentrale forklaringsperspektivet.

Personalia:
Rune Ervik er fødd i 1962, oppvaksen i Langevåg på Sunnmøre, og tok hovudfag i samanliknande politikk i 1991. Han har arbeidd ved SEFOS som forskingsassistent i perioden 1991-1995. I stipendperioden 1995-1998 hadde han finansiering frå NFR under programmet Velferd og Samfunn. Han arbeider no som forskar ved LOS-senteret.

Tid og stad for disputasen:
08.12.2000, kl. 10.15, Ulrike Pihls Hus, Prof. Keysersgt. 1, auditoriet

Kontaktpersonar:
Rune Ervik, tlf 55 5897 60 (a), tlf 55 28 06 27 (p), e-post: Rune.Ervik@isp.uib.no
Informasjonsavdelinga v/ mediekontakt Morten Steffensen, tlf. 55 58 90 35 (a), epost: morten.steffensen@info.uib.no

Du kan tinge avhandlinga på Byttekontoret ved Universitetsbiblioteket, tlf. 55 58 88 38