Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Ein studie i Holbergs essay

Cand. philol. Eiliv Vinje disputerer 27. oktober for dr. art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
"Eit språk som ikkje passar. Epideiktiske element i Holbergs reflekterande prosa".

Avhandlinga er ein studie i Holbergs essay (dvs. bøkene Moralske Tanker og Epistler) og den stiller språk og form i fokus. Utgangspunkt er spørsmålet kva slags tekstar dette er, kva måte dei skaper betydning på. Problemstillinga er forankra i moderne litteraturteori, men aktualiserer også tradisjonell retorikk. Vinje framhevar som vesentleg kvalitet ved Holbergs essay at dei viser seg fram som tekstar. Og når han skal gjera nærmare greie for slike sjølvframstillande (eller epideiktiske) innslag, brukar han figur-begrepet som ein grunnkategori. Begrepet blir historisert, problematisert og utprøvd. I dei tre siste hovudkapitla blir så ulike tekstlege fenomen som brev-forma, paradokset og enkel stil forklarte som tankefigurar, dvs. som grep for simulering og tilgjersle.

Personalia:
Eiliv Vinje er født i Stavanger 1951 og tok filologisk embetseksamen i Bergen 1979. Han var tilsett ved Stord lærarhøgskule i tida 1979-93, stipendiat ved Universitetet i Bergen 1994-97. Nå er han tilsett ved Høgskolen i Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen:
27.10.2000, kl. 10.15, auditorium 4 i Jus-bygget (Dragefjellet),Magnus Lagabøtesplass 1. Prøveførelesing same stad dagen før kl. 16.15.

Kontaktpersoner:
Eiliv Vinje, tlf. 55 58 59 33 (a), 55 12 09 94 (p)
e-post: eiliv.vinje@hib.no
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no