Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000

NY DOKTORGRAD

Norske plakatar i historisk lys

Mag.art. Jorunn Veiteberg disputerer 28. oktober for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:
«’Det moderne maleri er plakat’. Ein historisk studie av norske bildeplakatar 1898-1945.»

Avhandlinga tar for seg ein av dei mest populære bildesjangrane i Norge rundt 1900: plakaten. Kvifor plakaten blei så populær, blir drøfta på breitt grunnlag. Noko av forklåringa kan søkjast i kritikaren Kristian Haugs formulering frå 1919: "Det moderne maleri er plakat". Som eit ektefødd barn av moderniseringsprosessen, presenterte plakaten seg som eit symbol for "det nye": Plakatane høyrde byen til og vende seg til eit massepublikum, og produksjonsmåten bygde på tekniske nyvinningar og rydda vegen for ei ny yrkesgruppe; teiknarar og trykkarar som meistra det å produsera bilde for reproduksjon. Desse reproduksjonskunstnarane gjekk i bresjen for å fremja eit nytt, modernistisk bildespråk:
plakatstilen. Ein av konklusjonane i avhandlinga er at det er i møtet med norske plakatar, og ikkje i norsk målarkunst, at folk flest erfarte avantgardistisk bildespråk i mellomkrigstida, og slik blei fortulege med abstraksjon, kubisme, art deco, funksjonalisme og surrealisme.
Flyktig som plakaten er, er det tilfeldig kva som har overlevd av eldre plakatar. Avhandlinga er eit resultat av mange års leiting og søking i eit hittil lite kjent materiale. Funna viser at norske plakatar representerer eit til dels originalt visuelt bidrag til internasjonal plakatkunst. Plakaten sin skiftande status på 1900-talet som stundom kunst og stundom ikkje-kunst, blir også tatt opp. Dette inneber drøfting av spørsmål som kva er kunst, når er noko kunst, og kva kunstforståing pregar den kunsthistoriske faglitteraturen? Avhandlinga tar her til orde for å utvida kunsthistoria frå å vera ei historie om kunst til å bli ei historie om bilde.

Personalia:
Jorunn Veiteberg er født på Stord 23. juli 1955. Ho tok magistergraden i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen i 1982. Etter avslutta studiar har ho arbeidd som utstillingsleiar ved Hordaland Kunstsenter i Bergen, intendant ved Galleri F15 i Moss, forskar NAVF ved Institutt for medier og kommunikasjon, Universitetet i Oslo og redaksjonssjef for kunst og kultur i NRK Fjernsynet. Sidan 1995 har ho arbeidd som frilans skribent og kurator med bustad i Danmark.

Tidspunkt og sted for disputasen:
28.10.2000, kl. 10.15, Auditorium 2 i Jusbygget (Dragefjellet), Magnus Lagabøtesplass 1.

Kontaktpersoner:
Jorunn Veiteberg, tlf. +45 62 24 12 38, e-post: jorunn.veiteberg@inet.uni2.dk
Informasjonskonsulent Rønnaug Tveit, tlf. 55 58 90 43 (a), tlf. 55 12 56 91 (p), epost: ronnaug.tveit@info.uib.no