Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2000 NY DOKTORGRAD Meininga bak språkstrukturane"The Identification of Functional Architecture". I avhandlinga presenterer Vangsnes ein teori som søkjer å forklara sider av måten frasar og setningar er bygde opp på i ulike språk, på grunnlag av semantiske (tydingsmessige) sider av frasane. Teorien, kalla ‘Identifikasjonsteori’, er utvikla innanfor ramma av generativ grammatikk, eit rammeverk særleg knytta til den amerikanske lingvisten Noam Chomsky. Avhandlinga byggjer i stor grad på komparative studiar av nordiske språk og dialektar, og Vangsnes har mellom anna særleg undersøkt finlandssvenske og nordsvenske dialektar. Identifikasjonsteori er basert på ein tanke om at alle refererande språklege uttrykk er bygde opp av ein leksikalsk del som bestemmer innhaldet og ein funksjonell del som knytter innholdet til den aktuelle språkbruksituasjonen. Den funksjonelle delen kjem før den leksikalske, og består av abstrakte kategoriar som må 'identifiserast'. Identifiseringa skjer gjennom at grammatiske element vert generert i den funksjonelle delen av uttrykket, anten gjennom flytting frå den leksikalske delen eller ved direkte innsetjing. Vangsnes viser korleis denne tilnærminga til ordstilling kan kasta lys over mellom anna det nordiske artikkelsystemet der norsk, svensk og færøysk har dobbel bestemtheit (den svarte hesten), dansk enkel bestemtheit (den sorte hest), islandsk ingen føresett adjektivisk artikkel (svarti hesturinn) og nordsvensk adjektivinkorporering (svarthesten). Avhandlinga presenterer dessutan fleire empiriske oppdagingar, så som at visse svenske dialektar tillet strukturen min hesten, og Vangsnes syner at dette på overraskande vis kan setjast i samanheng med systema for kjønsbøying i dei aktuelle dialektane. Personalia: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: |